
PROSJEKT: Tilrettelagt tursti i Øyane
Eit prosjekt leda av Redd Barna Cup saman med støtte frå lokalt næringsliv, lokale foreningar og kommunen. Prosjektet består av samhald, dugnad og gjevarglede.

OM PROSJEKTET
Formålet med prosjektet er å laga ein komplett tusti tilgjengelig for barnevogn, rullestol, og eldre!
Kobbavågen i seg sjølv er ei nydeleg naturpærla, som lokalbefolkningen veit å bruka godt til fine turar og aktivitetar. Men kva med dei som ikkje kjem seg så lett fram på smalt og ulendt terreng?
Me har planar om å kobla saman to "turstiar" som allereie er i bruk, dette gjer at det då vil vera grus heilt frå Gjelavika og til sjølve Kobbavågen. For å få dette til, må rundt 220 meter terreng-sti grusleggast.
I Elvedalen er det bløtt og tett skog, noko som gjer at jobben kan vera utfordrane. Men med rett kompetanse, støtte og innsats er målet å realisera prosjektet i løpet av våren 2021.
Trase: På eksisterande sti gjennom "Elvedalen" frå Gjelevika til Skitnavågen.
Kontaktpersonar i frilufts prosjektet:
-
Anne Elisabeth Røttingen: 474 09 844
-
Tommy Aasen: 45 48 48 11
-
Epost: post@reddbarnacup.no
Takk til:







