- tommyaasen
Eit heilt lokalsamfunn samla om å utgjera ein forskjell
Skog og skjærgard i og rundt Søre Øyane er for dei fleste frå før kjent som vakker og urørt. Både lokale og besøkende har i alle år nytta områda godt, men det har alltid vore eit par grupper som ikkje har fått nytta den vakre naturen.
Når ei grupper personar tar opp problemstillinga, våkner eit heilt lokalsamfunn opp. Det foregår lite aktivitet midt i pandemi-tidene, men i små grupper begynner diskusjonane om behovet for tilrettelaging av tursti i Søre Øyane.

I tidleg fase merkast det allereie mykje positivitet rundt forslaget, og straks «Prosjekt: Tilrettelaga tursti i Øyane» vert offentleggjort, merkar me enorm respons.
Jakta på sponsorar ville visa seg å vera tidas enklaste for Redd Barna Cup, så god respons at ein eigentleg ikkje kan kalla det ei jakt lengre. Første sponsor kjem på banen og finansierer ein heil etappe av totalt to, og det tar ikkje lang tid før dei neste støttespelarane meld seg. Bergen Marinesenter og Sparebanken Vest blir dei største sponsorane Redd Barna Cup har hatt.
Utanom dei to store sponsorane er dei lokale trufaste bedriftene med oss på laget, lokale foreningar står saman om å støtta prosjektet og kommunen viser stort engasjement og er med på finansiell støtte via KUP midlar.
Allereie er heile det lokale næringslivet med på laget og har sikra nok midlar til å få gjennomført prosjektet. Det er klart for første spadetak og det er ingen tvil om at riktig mann har fått oppdraget, Berland Maskin & Vedlikehold er med å utfører delar av arbeidet med drenering og klargjering på dugnad.

Det neste vert å ta tempen på dugnadsånda, og det visar seg å vera på topp. Det einaste som stod i vegen var restriksjonar og smittefare i samfunnet, men dugnadsånden lever og folk samlar seg heller i små grupper og får på meget imponerande vis komt i gong med prosjektet.
Det er kjedeleg å måtte setta begrensing på dugnadsoppmøtet, og det gjer at det vert mykje meir arbeid på få personar. Men gjengen som er med, viser rå kraft og får gruslagt heile første etappe på ein dag. Noko som tilsvarar ein plass mellom 70-90 (!) tonn med grus, alt ved hjelp av fire trillebårer. Det same gjeld etappe to, som også vart gruslagt på ein dag, men med betre hjelp av ein minidumper.
I både forkant av sjølve gruslegginga og mellom etappane vart det brukt mykje tid på rydding av skog og pynting av traseen.
Etter tunge, effektive og sosiale dugnadar står no ny grussti gjennom Elvadalen og langs Skitnavågen ferdig. Dette gjer at både rullestolar, barnevogner og at dei eldre no koma seg enklare ut i skog, mark og skjærgard for å nyta den vakre naturen vår.
Redd Barna Cup som har hatt koordinering og organisering av prosjektet ønsker å takka alle sponsorar og støttespelarar for hjelpa som har latt dette prosjektet gjennomførast, den råe arbeidskrafta til gjengen på dugnad som har fullført jobben med prosjektet og ikkje minst grunneigarar som har gjort det heile mogleg. Tusen takk.

Takk til desse for økomomisk støtte
Bergen Marinesenter
Sparebanken Vest
Søre Øyane Sanitetsforening Bjørnafjorden Kommune Dales Rederi
INKA
Bunnpris
Takk til desse for hjelp og bistand
Berland Maskin & Vedlikehold
Mjølkeråen Maskin & Utleige
Brødrene Borgen Ferdigbetong
Gaassand Anleggservice AS